Vikariat, restaurant og matfag SOT – SOTRA VGS (Søknadsfrist: 01.09)

 

Vikariat, restaurant og matfag

 

SOT – SOTRA VGS, Vestland fylkeskommune

Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialiserande. Vi har i dag to skulestader, ein på Bildøy og ein i Skogsvåg med 800 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med ca 150 vaksne elevar på ulike program. Sotra vgs skal i framtida lokaliserast i nytt bygg på Straume. Skulen legg vekt på å være nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Vi formidlar fagleg kunnskap som inspirerer elevane til å utfalde skaparglede, engasjement og utforskartrong. Skulen legg vekt på at kvar og ein skal finne seg godt til rette i eit trygt og triveleg skulemiljø. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ein læringsarena tufta på tillit og respekt for kvarandre.

Søknadsfrist: 24.09.2021
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stillingstittel: Vikariat, restaurant og matfag
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Vikar
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4429197420
Startdato: 15.09.2021

Arbeidsoppgåver

Vikariere i undervisning i restaurant og matfag i enkelttimer, eller for lengre tidsperiodar. Undervisning på Restaurant og matfag i tilrettelagte grupper samt på Vg1 og Vg2. Tett oppfølging av klassar og einskilde elevar. Planlegge, gjennomføre, evaluere undervisning. Skape og vidareutvikle eigen undervisning i samarbeide med elevar, kollega, og skuleleiing. Arbeide systematisk for at elevane skal lære, fagleg og sosialt.

Kvalifikasjonar

Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse.
Fagbrev fortrinnsvis som kokk, men fagbrev som servitør eller konditor er relevant.
Ønskeleg med undervisningserfaring.
Undervisningskompetanse i fleire fag.

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer søkjarar med eit positivt syn på elevar, som er tydeleg vaksen og som er ein god rollemodell for ungdom.
Du ønskjer å bidra til elevanes faglege og sosiale utvikling.
Du er fleksibel og har omstillingsevne.
Du har gode samarbeidsevner.
Du har høg motivasjon og handlekraft.
Å vere eigna for arbeid med ungdom vil bli tillagt stor vekt.
Å være eigna for opplæring av elevar med spesielle behov.

Vi tilbyr

Løn etter kvalifikasjonar.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Inkluderande og godt arbeidsmiljø.
Gode moglegheit til eigen læring og utvikling.
Du blir ein del av ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass.
Trimgrupper for tilsette.

Andre opplysningar

Vi ønskjer snarast mogleg kontakt med ein vikar for undervisning på Restaurant og matfag i tilrettelagt gruppe i Skogsvåg som kan starte i full undervisning på onsdag 15.09.21. Vikaroppdraget er for to veker, men med god moglegheit for forlenging.
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Undervisninga skjer på elevanes målføre. Alle tilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Den som tilsetjast må legge fram politiattest. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Kontaktinformasjon

Kari Lund Birkeland, avdelingsleiar
958 19 943

Line Therese Gaska, avdelingsleiar
913 63 756

Erik Henneli, ass. rektor
958 26 077

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Torstein Telle
  • Tittel: Rektor
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 913 70 396
  • Line Therese Gaska
  • Tittel: Avdelingsleiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 913 63 756
  • Erik Henneli
  • Tittel: Ass. rektor
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 958 26 077

Lokasjon

  • Straume

Søknadsfrist

August 1, 2021