Vikariat som fysioterapeut i Ulvik herad
Helse – og omsorg i Ulvik har eit ledig vikariat i 100% stilling frå 03.07.2023- 01.10.2023, med mogleg forlenging.
Me søkjer etter ein medarbeidar som er nysgjerrig, motivert, positiv og pliktoppfyllande. Me har mange spanande arbeidsoppgåver i kommunen og ser etter ein fysioterapeut som likar varierte oppgåver, er fleksibel og likar å arbeide sjølvstendig, men og i team.
Kommunen har eige lokale for kurativ behandling i Ulvik sentrum. Fysioterapeuten vil inngå i eit tett samarbeid med helsestasjon, skulehelseteneste, rehabilitering, omsorgstun og arbeide i tverrfaglege team.
Sentrale arbeidsoppgåver
- Setje seg inn i og følgje opp retningsliner og planar for fysioterapitenesta i heradet.
- Følgje opp henviste pasientar i tråd med fysioterapitenesta si tenesteplan og prioriteringsnøkkel
- Driva eit aktivt tilbod om fysioterapi for ulike pasientgrupper etter behov på institutt.
- Oppfølging av pasientar innan helsestasjon og skulehelseteneste, kommunelege og i institusjon
- Kartlegging, testing og funksjonsvurdering av pasientar
- Rettleiing av pasientar individuelt og i gruppe
- Fokus på tverrfagleg samarbeid og teamarbeid, samt koordinerande arbeid.
- Utøve kunnskapsbasert fysioterapi.
- Bidra i utviklinga av fysio- og ergoterapitenesta og til ein kvar tid vera fagleg oppdatert.
- Det må påreknast behandling heime hjå brukar
Person- og kompetansekrav
- Offentleg godkjend fysioterapeut.
- Du må ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne.
- Du må vera fleksibel, fagleg engasjert, løysningsorientert og ha gode kommunikasjonsevner.
- Du må kunne arbeide strukturert og målretta
- Du må ha evne til å jobbe i team og ha erfaring med å jobbe tverrfagleg.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Me kan tilby
- Eit godt arbeidsmiljø
- Ei verksemd i utvikling
- Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
- Fleksibel arbeidstid
Søknadsfrist innan 15.05.2023
Ulvik herad er opptatt av å reflektere mangfaldet i befolkninga og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av alder, kjønn, nedsett funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Har du ynskje om unntatt offentligheit må dette grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Du vert varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge. Politiattest jf. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4 må leggast fram ved tilsetting.
Tilsetjing vil skje på dei vilkår og med dei plikter som føl av gjeldande lovverk, reglement og tariffavtaler.
Send søknad elektronisk via vår nettside stilling ledig. Merk saksnr. 23/265 dersom du har behov for bistand i søknadsprosessen, ta kontakt med helse – og omsorgsleiar Åshild Sønsteby tlf. 4000 7151