Kantor, 2. gangs utlysing
Vil du bli vår nye kantor i Os sokn?
Stillingsomtale
Vår kantor gjennom mange år trer inn i pensjonistrekkene, og Os sokn søker difor ein engasjert musikkleiar til kyrkjelyden vår. Som kantor hjå oss får du fridom og ansvar til å bruke gåvene og styrkene dine, og du leier eit viktig felt i ein stor kyrkjelyd med mange engasjerte medarbeidarar både i stab og i kyrkjebenkene. Soknet har òg ein organist i 60% stilling.
Os sokn er eit av to sokn i Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd. Os sokn er geografisk likt tidlegare Os kommune og har arbeid i 2 kyrkjer; Os kyrkje og Nore Neset kyrkje, samt Tunet kyrkje- og kultursenter. Med sine drøyt 20.000 innbyggjarar er Os eit folkerikt sokn. , og det er tTalet på seremoniar for gravferd/bisettelser ligg rundt 100. I eit normalår arrangerast det om lag 30 vigsler og i overkant av 100 gudstenester.
Soknet har to kyrkjer: Os kyrkje frå 1870 og Nore Neset kyrkje frå 2000. Hovudkyrkja er Os kyrkje, som har eit elektro-pneumatisk orgel av J.H. Jørgensen frå 1957 med 2 manualer og pedal, 20 stemmer (derav 1 unitstemme fordelt over 4 register pluss 3 transmisjoner, totalt 26 register) samt 3 vanlege kopler og 1 supermanualkoppel. Dette orgelet har nok «passert middagshøgda» og Soknerådet og fellesrådet har starta å sjå på løysingar for å betre orgelet i hovudkyrkja vår. Ein kantor med orgelkompetanse og engasjement for dette vil vere ein viktig ressursperson i dette prosjektet.
Nærkyrkja på Nore Neset fekk i 2002 eit mekanisk orgel av Ryde & Berg med 13 stemmer fordelt over 2 manual og pedal. Begge kyrkjene har i tillegg gode piano, og Tunet huser eit flott flygel av nyare dato i tillegg til akustiske og elektriske piano.
Kantor vil bli tilsett i Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd med dagleg leiar i Os kyrkjelyd som næraste overordna og inngå i ein stab på om lag 10 personar, i tillegg til eit tett samarbeid med våre tre prestar samt kyrkjetenarar og andre i driftsavdelinga. Leiinga har fokus på arbeidsglede og sjølvstende i eit aktivt miljø, med balanse mellom jobb og fritid.
- Søknadsfrist: 16.05.2023
- Arbeidsgivar: Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd
- Stad: Os
- Stillingstittel: Kantor, 2. gangs utlysing
- Stillingar: 1
- Heiltid/Deltid: Heiltid
- Tilsetjingsform: Fast
- Stillingsprosent: 100
- Webcruiter-ID: 4654919335
Arbeidsoppgåver
- Musikalsk tilrettelegging, planlegging og speling ved gudstenester og andre kyrkjelege handlingar i soknet sine to kyrkjer samt på institusjonar i lag med prestane og annan organist.
- Vere ein fagressurs i staben og for kyrkjelyden sitt musikalske arbeid.
- Planlegge og gjennomføre konsertar og arrangement
- Vera pådrivar for og delta i korarbeid i kyrkjelyden
Kvalifikasjonar
- Formelle kvalifikasjonskrav i høve tenesteordning for kantorar.
- Søkjarar med annan relevant utdanning og erfaring vil kunne bli vurdert
- Beherska norsk munnleg og skriftleg. Administrasjonsspråket i Os sokn er nynorsk.
Særskilde krav
- Den som vert tilsett må være medlem av Den norske kyrkja
- Aktuelle søkjarar blir kalla inn til prøvespel.
- Tilsetting av kantor skjer med atterhald om vigsling og at biskopen gjev tenestebrev jfr. Tenesteordning § 5
- Tilfredsstillande politiattest må leggjast fram
Personlege eigenskapar
- Interesse for gudstenesteliv og kyrkjelydsbygging
- Allsidig og trygg, kjent med et breitt spekter av ulike musikalske uttrykk og former
- Vil vere med å bidra til at kyrkjelyden vert opplevd som open og inkluderande.
- Evne til å arbeide ryddig og sjølvstendig.
- Gode samarbeidsevner
- Personlege eigenskapar blir vektlagt saman med dei andre vurderingskriteriane
Vi tilbyr
- Eit spennande arbeidsfellesskap med både tilsette og frivillige
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Pensjonsordning i KLP
- Ulykke- og gruppelivsforsikring
- Løn og arbeidsvilkår etter avtaleverket i kyrkjeleg sektor
Vi ønsker å særskild oppmode menneske med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv for å bidra til fellesskapet. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Øyro 49, 5200 Os, Norge
Kontaktinformasjon
Sigurd Rotvik Tunestveit
Dagleg leiar Os sokn
Telefon:93 86 91 09
E-post:st575@kyrkja.no
Roar Hallesby Evjedal
Sokneprest i Os
Telefon:93 44 19 68
E-post:re674@kyrkja.no
Hans Einar Markhus
fung. kyrkjeverje Bjørnafjorden
Telefon:95 93 65 80
E-post:hm629@kyrkja.no