Vil du bli vår nye kantor i Os sokn?
- Arbeidsgiver: Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd / Os sokn
- Stillingstittel: Kantor
- Frist: 31.03.2023
- Ansettelsesform: Fast
Når vår noverande kantor startar sitt pensjonistliv, søkjer vi etter kantor i 100 % stilling f.o.m. august 2023.
Os sokn er eit av to sokn i Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd. Os sokn (15 000 medlemmer) er geografisk likt tidlegare Os kommune (22 000 innbyggjarar) og har arbeid i 2 kyrkjer; Os kyrkje og Nore Neset kyrkje, samt Tunet kyrkje- og kultursenter.
Arbeidsfellesskapet i soknet består av sokneprest, kapellan, prostiprest, organist i 60%-stilling, konsulentar, dagleg leiar, medarbeidarkoordinator, diakon, kateket, kyrkjelydsarbeidar, ungdomsarbeidar, driftsleiar og kyrkjetenarar/gravplassarbeidarar. Os kyrkjekontor har gode kontortilhøve i Tunet kyrkje- og kultursenter på Osøyro.
Soknet har to kyrkjer: Os kyrkje frå 1870 og Nore Neset kyrkje frå 2000. Hovudkyrkja er Os kyrkje, som har eit elektro-pneumatisk orgel av J.H. Jørgensen frå 1957 med 2 manual og pedal, 20 stemmer (derav 1 unitstemme fordelt over 4 register pluss 3 transmisjoner, totalt 26 register) samt 3 vanlege koppler og 1 supermanualkoppel. Orgelet har «passert middagshøgda» og soknerådet har byrja emna på kva ein vil gjere med det. Den nye kantoren vil vere ein viktig ressursperson i arbeidet med orgelsaka. Nærkyrkja på Nore Neset fekk i 2002 eit mekanisk orgel av Ryde & Berg med 13 stemmer fordelt over 2 manual og pedal. Begge kyrkjene har i tillegg gode piano. Tunet kyrkje- og kultursenter disponerer både flygel, piano og el-piano.
Kantor vil bli tilsett i Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd med dagleg leiar i Os kyrkjelyd som næraste overordna, med eit tett samarbeid med prestetenesta. Leiinga har fokus på arbeidsglede i eit aktivt miljø med balanse mellom jobb og fritid.
Arbeidsoppgåver
- Musikalsk tilrettelegging, planlegging og speling ved gudstenester og andre kyrkjelege handlingar i soknet sine to kyrkjer samt på institusjonar i lag med prestane og annan organist.
- Vere ein fagressurs i staben og for kyrkjelyden sitt musikalske arbeid.
- Planlegge og gjennomføre konsertar og arrangement
- Vera pådrivar for og delta i evt. korarbeid i kyrkjelyden
Kvalifikasjonar
- Formelle kvalifikasjonskrav i høve tenesteordning for kantorar.
- Søkjarar med anna relevant utdanning og erfaring vil kunne bli vurdert
- Beherskar norsk munnleg og skriftleg
Særskilde krav
- Den som vert tilsett må være medlem av Den norske kyrkja
- Aktuelle søkjarar blir kalla inn til prøvespeling.
- Tilsetting av kantor skjer med atterhald om vigsling og at biskopen gjev tenestebrev jfr. Tenesteordning § 5
- Tilfredsstillande politiattest må leggjast fram
Personlege eigenskapar
- Interesse for gudstenesteliv og kyrkjelydsbygging
- Allsidig og trygg, kjent med et breitt spekter av ulike musikalske uttrykk og former
- Vil vere med å bidra til at kyrkjelyden vert opplevd som open og inkluderande.
- Evne til å arbeide ryddig og sjølvstendig.
- Gode samarbeidsevner
- Personlege eigenskapar blir vektlagt saman med dei andre vurderingskriteriane
Vi tilbyr
- Eit spennande arbeidsfellesskap med både tilsette og frivillige
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Pensjonsordning i KLP
- Ulykke- og gruppelivsforsikring
- Løn og arbeidsvilkår etter avtaleverket i kyrkjeleg sektor
Vi ønsker medarbeidar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv for å bidra til fellesskapet. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson: Sigurd Rotvik Tunestveit
Stillingstittel: Dagleg leiar Os sokn
Mobil: 938 69 109
Kontaktperson: Hans Einar Markhus
Stillingstittel: fung. kyrkjeverje Bjørnafjorden
Mobil: 959 36 580
Øyro 49, 5200 Os
Om arbeidsgiveren
Os sokn er eit av to sokn i Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd. Os sokn (15 000 medlemmer) er geografisk likt tidlegare Os kommune (22 000 innbyggjarar) og har arbeid i 2 kyrkjer; Os kyrkje og Nore Neset kyrkje, samt Tunet kyrkje- og kultursenter.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Organisasjoner
- Sted: Øyro 49, 5200 Os
- Bransje: Ideelle organisasjoner,Kirke og menighet
- Stillingsfunksjon: Menighetsarbeid