Vindafjord kyrkjelege fellesråd KANTOR – ORGANIST – KYRKJEMUSIKAR Fast (Søknadsfrist: 10.12.2022)

 

KANTOR – ORGANIST – KYRKJEMUSIKAR

 

Vindafjord kyrkjelege fellesråd

Vindafjord kyrkjelege fellesråd , søker etter ny kantor/organist/kyrkjemusikar i tilsaman 170 % stilling til kyrkjene i Imsland, Vikedal, Sandeid, Ølen, Bjoa, Vikebygd, Skjold og Vats.
Vindafjord kommune ligg på Haugalandet, med kommunesenteret i Ølen (50 km frå Haugesund) I kommunen er det sju sokn og åtte kyrkjebygg, Det er 8752 innbyggjarar i kommunen, medlemstalet i Den norske kyrkja er 6869, altså ca. 78%

Det er ledige stillingar som

  • KANTOR/ORGANIST/KYRKJEMUSIKAR
  • I inntil 170%
  • I tillegg er det ledig stilling (30%) som lærar i musikkskulen/kulturskulen i Vindafjord kommune.

Orgelparken er samansett slik:

Skjold kyrkje: Carsten Lund 2011, 21 stemmer, Åkerman & Lund 1990, 4 stemmer (kororgel) – Vats kyrkje: Heggen & Ivers 1920, 6 stemmer -Sandeid kyrkje: Robert Gustavsson 1981, 7 stemmer Vikedal kyrkje: E. Gangfløt 1981, 11 stemmer – Imsland kyrkje: Robert Gustavsson 1986, 8 stemmer – Ølen kyrkje: Norsk Orgel-Harmoniumfabrikk 1969, 16 stemmer -Bjoa kyrkje: Norsk Orgel-Harmoniumfabrikk 1969, 9 stemmer – Vikebygd kyrkje: Gebr. van Vulpen 1989, 13 stemmer. Det er piano i alle kyrkjer – i Skjold eit Blüthner flygel.

Søknadsfrist: 10.12.2022
Arbeidsgivar: Vindafjord kyrkjelege fellesråd
Stad: SKJOLD
Stillingstittel: KANTOR – ORGANIST – KYRKJEMUSIKAR
Stillingar: 2
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4585892698

Arbeidsoppgaver

Planlegging og gjennomføring av gudstenester kyrkjelege handlingar og andre arrangement i i samarbeid med prestar, stab og frivillige
Leia, delta i og vidareutvikla musikktilbod og korverksemd i kyrkjelydane våre
Deltaking i trusopplæringsarbeidet for barn og unge
Deltaking på stabsmøte og vera en del av teamarbeidet i staben

Kvalifikasjoner

4 års kyrkjemusikkutdanning med 240 studiepoeng eller 3 års grunnutdanning i kyrkjemusikk samt tillegg i musikk, kristendomskunnskap, kirkefag, pedagogikk eller diakoni tilsvarende 60 studiepoeng.
Erfaring som kordirigent
Anna relevant utdanning og erfaring vil også bli vurdert.
Den som vert tilsett må framleggja politiattest uten merknader (Barneomsorgsattest)
Den som vert tilsett må vera medlem av Den norske kyrkja.

Personlige egenskaper

Vi ynskjer en person som

Er open for musikalsk mangfald og tverrfagleg samarbeid
Har god forståing for livet i i Den norske kyrkja
Har gode samarbeidsevner og relasjonar med tilsette og frivillige medarbeidarar og ha evne til å dra andre inni den musikalske verksemda i kyrkjelyden
Har god evne og vilje til å kommunisera med både barn og vaksne
Dei som vert tilsett vil ha godt høve til å vere med på å utvikla stillingane i samarbeid med sokneråda og stab.
Det kan bli avhalde prøvespel i samband med tilsetjingsprosessen

Vi tilbyr

Allsidig gudstjeneste- og kyrkjeydsliv i et engasjert miljø
Løn etter kvalifikasjoner og tariffavtalar
Pensjonsordning

 

Søk på stillingene her.

 

Adresse arbeidssted:
Fellesrådet si adresse er:
Kleivavegen 4, 5574 Skjold 

 

Kontaktinformasjon

Inghart Lasse Tveit, kyrkjeverje i Vindafjord
977 64 146

 

Del stillingen

Selskap

Vindafjord kyrkjelege fellesråd

Kategorier

Kontaktinfo

  • Inghart Lasse Tveit
  • Tittel: Kyrkjeverje i Vindafjord
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 977 64 146

Lokasjon

  • Skjold

Søknadsfrist

Desember 10, 2022