KYRKJELYDSPEDAGOG/KYRKJELYDSARBEIDAR – 60%

 

 

Volda Kyrkjelege Fellesråd

Rådhusgata 6a, 6100 Volda

Volda kyrkjelege fellesråd søkjer etter ein kyrkjelydspedagog/kyrkjelydsarbeidar som kan vere med på å drive og vidareutvikle trusopplæringsarbeidet i Volda fellesrådsområde. Stillinga inngår i trusopplæringsteamet saman med kateketen. Kateketen er leiar av undervisningsarbeidet og trusopplæringsteamet.

 

Arbeidsoppgåver

• Planlegge og gjennomføre trusopplæringsarbeidet i samarbeid med tilsette og frivillige

• Ta del i konfirmantarbeidet

• Drive rekruttering og oppfølging av frivillige medarbeidarar og leiarar

• Ta del i samarbeidet kyrkje – skule/barnehage

• Ta del i møta i trusopplæringsutvalet

Vi søkjer primært etter kyrkjelydspedagog, men vil også vurdere søkjarar med anna relevant utdanning og praksis.

 

Kvalifikasjonar

• Relevant høgare utdanning med vekt på kristendom/teologi og pedagogikk

• Erfaring frå og interesse for arbeid med barn og ungdom

• Evne til å skape gode relasjonar

• Erfaring frå frivillig kyrkjeleg arbeid

• Leiarerfaring

• Evne til samarbeid og teamtenking

• Evne til å arbeide sjølvstendig og målretta

• Evne til å koordinere mange og ulike oppgåver på same tid

• God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne

• Grunnleggande datakunnskap

• Krav om medlemskap i Den norske kyrkja.

 

Vi tilbyr:

• Godt arbeidsmiljø og stabsfellesskap

• Moderne kontorarbeidsplass på Volda kyrkjekontor

• Løn etter avtaleverket på kyrkjeleg sektor

• Pensjonsordning i KLP

 

For å kunne utføre arbeidsoppgåvene i heile tenesteområdet må søkjaren disponere bil. Ein må rekne med noko arbeid på kveldstid og i helger. Tilsetjinga skjer i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale for kyrkjeleg sektor. Politiattest skal ligge føre før tilsetting. Vi nyttar intervju som ein del av vurderinga av søkjarane.

 

For nærare opplysningar ta kontakt med:

• Kyrkjeverje Jostein Stråbø på tlf. 91663549

eller via epost: [email protected]

• Katetet(kyrkjelydspedagog) Martine Hjertvik Urke på tlf. 90897340

Eller via epost: [email protected]

• Tidlegare trusopplæringsmedarbeidar Wendi Sund Stråbø på tlf. 95764607

eller via epost: [email protected]

Sjå òg heimesida vår www.volda.kyrkja.no

Vi ber om at søknad med CV, vitnemål/attester og referansar vert sendt elektronisk via www.kirkejobb.no innan den 24.05.2024

 

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver: Volda Kyrkjelege Fellesråd
Adresse: Rådhusgata 6, 6100 Volda
Hjemmeside: https://www.volda.kyrkja.no
Facebook:
https://www.facebook.com/Volda.Kyrkje 

 

Fellesrådsområdet har seks sokn, Volda, Hornindal, Dalsfjord, Kilsfjord, Austefjord og Storfjorden, med kvar si kyrkje. Vi har tre sokneprestar, kyrkjeverje, kateket, to trusopplæringsmedarbeidarar (60% + 10%) og to sekretærar (100 % + 60%) med heile kommunen som tenesteområdet. Volda sokn har kantor og kyrkjetenar i heile stillingar og ein ungdomsarbeidar/diakoniarbeidar i 60%. Dei andre sokna har kyrkjetenar- og organiststillingar tilpassa talet på gudstenester og kyrkjelege handlingar.

Volda kommune ligg i søre delen av Sunnmøre. Naturen er vakker, skiftande med fjordar, dalar og fjell, som gjev rikeleg høve til friluftsliv og rekreasjon heile året. Folketalet var 10809 ved årsskiftet og 8240 eller 76% av desse er medlem av Den norske kyrkja. Volda er kjend som skulestad. Her er vidaregåande skule med mange ulike liner, både allmenn- og yrkesretta, og høgskule med til 4500 studentar. Høgskulen og Fylkessjukehuset er store arbeidsplassar i kommunen.

 

Om stillingen

  • Stillingstittel: Menighetspedagog
  • Antall stillinger: 1
  • Oppstart: Etter avtale
  • Heltid/deltid: Deltid
  • Sektor: Privat
  • Arbeidsdager: Ukedager, Lørdag, Søndag
  • Arbeidstid: Dagtid, Kveld
  • Arbeidsspråk: Norsk

 

 

Søk på jobben

 

 

Søknadsfrist: 24. mai 2024

 

Kontaktperson for stillingen

Jostein Stråbø
Kyrkjeverje
91663549
[email protected]

Del stillingen

Selskap

Volda kyrkjelege fellesråd

Kategorier

Kontaktinfo

  • Jostein Strabø
  • Tittel: Kyrkjeverje
  • E-Post: [email protected]
  • Mobil/Tlf: Telefon: 916 63 549

Lokasjon

  • Volda

Søknadsfrist

August 23, 2024