*2×100% heimesjukepleiar *Helsefagarbeidar natt hjemmebaserte tjenester (søknadsfrist 23.02)
Sjukepleiar ved Heimebaserte tenester
Ullensvang kommune er ein kommune i vakre Hardanger. Mellom fjord, fjell og fonn har du høve til aktivt å bruka naturen. Vi har og eit rikt nærings- og kulturliv kommunen. Vil du oppleve dette saman med oss og er på jakt etter nye utfordringar? Er du i tillegg kreativ og positivt innstilt, då er det deg vi trenger med på laget!
Saman skaper vi ein god arbeidsplass for alle og tilbyr gode tenester!
2 stillingar a 100% som sjukepleiar , fast i Ullensvang kommune i heimesjukepleien, Odda
Heimesjukepleien er organisert under Heimebaserte tenester saman med Heimehjelp, Kommunalt hjelpemiddel lager og Dagsenter for personar med kognitiv svikt.
I heimesjukepleien har vi brukarar i ulike aldersgrupper.
Vi er opptatt av å tilby tenester av god kvalitet til brukarane.
Arbeidsoppgåver:
- Observere brukarane sin tilstand og i verksette tiltak.
- Utøve pleie og behandling til brukarane saman med det øvrige personalet.
- Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper.
- Dokumentere og rapportere.
- Vegleiing – og undervisningsansvar for elevar og studentar.
- Medansvar for forsvarleg forvaltning av ressursane.
- Ta blodprøvar i heimen
- Dosere medisinar og sørge for at legen sine medisinske forordningar blir utført.
- Behandle E- meldingar
- Utføre ulike prosedyrar som td.ta blodprøvar, stell av CVK, PVK m.m
Kvalifikasjonar:
- Du må vera autorisert sjukepleiar
- Du må leggja fram gyldig politiattast
- Førarkort klasse B
- Gode norsk kunnskapar skriftleg og muntleg, minimum B2
Personlege eigenskaper:
- Du må ha evne til å samarbeide på tvers av faggruppene
- Du må ha evne til nytenking
- Du må lika utfordringar
- Du tar initiativ og ansvar
- Du er fleksibel
- Du likar utfordringar
Vi tilbyr:
- 100% stilling sjukepleiar, fast I Ullensvang kommune, heimesjukepleien i Odda.
- Turnus dag/ kveld/ 3. kvar helg.
- Triveleg arbeidsmiljø med flotte kollegaer.
- Fadderordning for nytilsette.
- Sjølvstendig og variert arbeid.
- Internundervisning og fagleg påfyll med høve til vidareutdanning.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Lønsvilkår:
- Etter hovudtariffavtalen
Ynskjer du fleire opplysningar, kontakt verksemdsleiar Anna Jordan, tlf.: 975 58 461 eller e-post: anna.jordan@ullensvang.kommune.no
Søknad med CV, bekfrefta vitnemål og attestar må sendast til Ullensvang kommune, postmottak@ullensvang.kommune.no
Merk søknaden med saksnr.
Søknadsfrist: 23.02.20
————————————————————————————————————————————
Heimebaserte tenester: Helsefagarbeidar natt
Utlysing – 49,3% stilling som helsefagarbeidar , natt ved Heimebaserte tenester
Er du helsefagarbeidar og har lyst på ein kjekk, utfordrande, og spennande jobbkvardag? Vi ønskjer oss nye kollegaer og tenker at det er deg vi vil jobbe med!
Heimesjukepleien er organisert under Heimebaserte tenester saman med Heimehjelp, Kommunalt hjelpemiddellager og Dagsenter for personar med kognitiv svikt.
- Vi er delt i 2 hovudgrupper med kvar sin koordinerande fagleiar.
- I heimesjukepleien har vi brukarar i ulike aldersgrupper.
- Vi er opptatt av å tilby tenester av god kvalitet til brukarane våre.
Saksnr.: 20/1614
Hovudoppgåver:
- Utøve pleie og behandling til brukarane saman med det øvrige personalet
- Observere brukarane sin tilstand og vurdere behov for sjukepleie og formidle dette skriftleg, muntleg og sette i verk tiltak
- Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper
- Dokumentasjon og ajourhald i elektronisk pasientjournal
- Medansvar for forsvarleg forvaltning av ressursane.
- Medverke til kvalitetsutvikling, helse, miljø og tryggleik
- Medverke til godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar:
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Du må leggja fram gyldig politi attest
- Førarkort klasse B
- Gode norsk kunnskapar skriftleg og muntleg, minimum B2
Personlege eigenskaper:
- Fleksibel, strukturert og effektiv
- Godt humør og positiv innstilling
- Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig
- Evne til god kommunikasjon, vera reflektert og og kunna skape gode relasjonar med brukarane og pårørande
- Evne til å prioritere handtere hektiske periodar og akutte situasjonar
- Resultatorientert og fokusert på kvalitet i tenesten
- Evne til å tenke nytt og vera kreativ
- Personlege eigenskapar blir vektlagt
Vi tilbyr:
- Stilling på natt med arbeid kvar 4 helg av 12 helger
- Det er alltid to som arbeidar saman på natt. Dei samarbeider med dei andre nattevaktane i kommunen
- Triveleg arbeidsmiljø med flotte kollegaer
- Fadderordning for nytilsette
- Sjølvstendig og variert arbeid
- Internundervisning og fagleg påfyll
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Lønsvilkår:
- Etter hovudtariffavtalen
Dersom tilsetjinga utløyser andre ledige stillingar kan ein tilsette i dei.
Ynskjer du fleire opplysningar, kontakt verksemdsleiar Anna Jordan, tlf. 97558461 eller sende mail til anna.jordan@ullensvang.kommune.no.
Søknad med CV, bekrefta vitnemål og attestar må sendast til Ullensvang kommune, postmottak@ullensvang.kommune.no
Merk søknaden med saksnr. 20/1614
Søknadsfrist: 23.02.20