Sjukepleiar 100% vikariat (søknadsfrist 01.04)
Sjukepleiar 100 % vikariat ved Vangsheimen og heimetenesta
Vang kommune har ledig eit lengre vikariat i 100 % stilling for sjukepleiar, frå snarast til og med 01.08.21, med arbeid ved langtid/korttidsavdeling og i heimetenesta. Stillinga har tredelt turnus med 4 helger på 12 veker.
Snarleg tiltreding er ynskjeleg.
Arbeidsoppgåver
Utøve helsehjelp i tråd med gjeldande krav og lovverk
Praktisk bistand og rettleiing til brukarar
Bidra til positivt samarbeid med pårørande
Bidra til samarbeid på tvers av einingar i etaten
Dokumentere i fagsystemet Profil
Kvalifikasjonar
Sjukepleiar med norsk autorisasjon
Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
Førarkort kl. B
Erfaring frå kommunal pleie- og omsorgsteneste
Kunnskap om bruk av IKT som verktøy, gjerne erfaring frå Profil
Personlege eigenskapar
Ha evne til å gje omsorg og tryggleik
Vera fleksibel og ha tilpassingsevne
Vera motivert, engasjert og strukturert
Ha gode evner til samarbeid
Sjølvstendig og ha evne til å ta ansvar, til å ta initiativ og til å sette seg raskt inn i nye arbeidsoppgåver
Evne til å sjå, tenkje og arbeide heilskapleg
Vi tilbyr
10 års lønnsansiennitet ved oppstart for sjukepleiarar
Eit godt og spanande fagmiljø med varierte arbeidsoppgåver
Eit positivt og triveleg arbeidsmiljø saman med dyktige kollegaer
Opplæring og rettleiing
Lønn etter tariff i hht hovudtariffavtala, gode pensjonsvilkår og forsikringsavtalar.
Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
Stillinga krev politiattest jf. helsepersonell-loven § 5-4. Attesten må leggjast fram før tiltreding.
Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.
Me tek atterhald om at faste tilsette med rettar etter HTA § 2.3 har førerett til utviding av stilling. Ved intern tilsetjing blir eventelle andre ledige stillingar å tilby søkjarane.
Søknadsfrist: 01.04.2020
Arbeidsgivar: Vang Kommune
Stad: Vang i Valdres
Tittel: Sjukepleiar ved Vangsheimen og heimetenesta
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsettingsform: Vikar
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4208543125
Stillingar: 1
Startdato: 13.04.2020
Sluttdato: 01.08.2021
Arbeidsstad Tyinvegen 5150, 2975 Vang i Valdres
Kontaktinformasjon
Stine Solemsli, Leiar Korttid og heimeteneste
61 36 95 40
Stine.Solemsli@vang.kommune.no
Joanke Tito, Leiar Langtid
61 36 95 34
Joanke.Tito@vang.kommune.no
«Vestlandsfjell og Austlandsklima» er den slåande kombinasjonen som gjer Vangsnaturen unik. Når vangsgjeldingen i tillegg er kjent for eit godt lynne er resultatet ei fjellbygd av sjeldant godt merkje lengst vest i Valdres. I Vang finn du mykje av Jotunheimen, delar av Skarveheimen, fiskevatn, stølar, skiterreng, jaktterreng og all den plassen du kan ynskje deg av eit villmarksområde. Du finn også jordbruk, turisme og gründerar i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. Vang er sentralt på ein litt usentral måte, det er 250 kilometer til både Oslo og Bergen og noko lenger til Trondheim. Altså er du midt i smørauget sør i Noreg i ein kommune som har framtidstru og satsar på gode kommunale tenestar på alle område: Nemnast kan nyrenovert skule med fleirbrukshall og eit rikt kulturliv.