Nissedal omsorgssenter – somatisk avdeling
- Sjukepleiar 80 – 100 % fast stilling frå 1.juni – 2020 (id 555)
- Sjukepleiar natt, 30 % fast helgestilling frå 1.mai 2020 (id556)
- Sjukepleiar 84% vikariat, frå 1.mai – 31. oktober 2020 (id 557)
- Sjukepleiar natt, 80 – 100 % stilling ferievikar i veke 25 – 33 (id 558)
Heimesjukepleia i Nissedal kommune
- Sjukepleiar 18 % fast helgestilling ledig frå 1. mai 2020 (id 559)
Kvalifikasjonskrav:
- Den som søkjer må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Du må kunne kommunisere godt både munnleg og skriftleg på norsk
Ønskelege kvalifikasjonar:
- Vidareutdanning innan geriatri
- Evne til å jobbe sjølvstendig og kunne takle utfordrande situasjonar
- Evne til å leie/rettleie og motivere andre
- Gode samarbeidsevner
Vi tilbyr:
- Fadderordning for nytilsette sjukepleiarar
- Godt arbeidsmiljø med gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Vanleg turnusarbeid med moglegheit for individuell tilpassing og arbeid kvar 3.helg
- Løn etter avtale
Det vert kalla inn til intervju. Personleg egna vert lagt til grunn ved alle tilsettingar
Kontaktpersonar:
Heimetenesta Solveig Nilsen, telefon 35 04 84 63 eller mobil 470 11 622
Somatisk avdeling Ingerid Homme telefon 35 04 84 60
Eining for omsorg har også desse stillingane ledige:
- Helsefagarbeidar/hjelpepleiar, helgestillingar og tilkallingsvikarar på somatisk avdeling, ledig frå 01.05.2020 (id 560)
Stillingane inneber turnusarbeid med dag og kveldsvakter, samt arbeid kvar 3. helg. Somatisk avdeling har 14 plassar fordelt på langtidsplassar og korttidsplassar. Arbeidet er variert og inneheld bl.a. rehabilitering og pleie til eldre pasientar i samarbeid med fleire yrkesgrupper.
- Helsefagarbeidar/hjelpepleiar, helgestillingar og tilkallingsvikarar på skjerma avdeling ledig frå 01.05.2020 (id 561)
Stillinga inneber turnusarbeid med dag og kveldsvakter kvar 3. helg. Skjerma avdeling har 6 plassar. Arbeidet er variert og inneber pleie til eldre personar med demenssjukdom i samarbeid med fleire yrkesgrupper. Avdelinga og uteområdet er godt tilrettelagd for pasientgruppa.
- Tilkallingsvikarar ved Serviceavdelinga på Nissedal omsorgssenter (id 562)
Serviceavdelinga består av kjøkken, vaskeri og reinhald. Ønsker vikarar som kan kontaktast ved behov.
- Tilkallingsvikarar i heimetenesta til tilsyn på natt i privat heim (id 5639
Vi har ein brukar i ein privat heim som treng tilsyn på natt i 11 timar kvart døgn. Ønskjer vikarar som kan kontaktast ved behov.
Full opplæring vil bli gitt. Ta kontakt for nærare opplysningar.
Vi ynskjer for desse stillingane personar med gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og som er positive og fleksible.
Personleg eignaheit vil bli lagt vekt på.
Kontaktpersonar:
Somatisk avdeling Ingerid Homme telefon 35 04 84 60
Skjerma avdeling Lena Haugsjå telefon 35 04 84 65
Service avdeling, Beate Birkedal telefon 35 04 84 62
Heimetenesta Solveig Nilsen telefon 35 04 84 63 eller mobil 470 11 622
Felles for stillingane
Tilsettingsvilkår i fylgje gjeldande lov og kommunen sitt reglement.
Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest. Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.
Søknad på elektronisk søknadsskjema
Søknadsfrist: 04.05.2020
Fakta om Nissedal kommune finn du på denne sida
—————————————————————————————————————————-