Sjukepleiarar 4×100% (søknadsfrist 10.05)

 

Sjukepleiarar

 

Heimetenesta på Nordfjordeid og i Selje/Stadlandet

Heimetenesta i Stad kommune har fleire ledige stillingar som offentleg godkjend sjukepleiar med tenestestader både på Nordfjordeid og i Selje/Stadlandet. Stillingane har tredelt turnus. Heimetenesta har årsarbeidsplan som gir god fleksibilitet i forhold til å planlegge arbeidstid. Det kan bli lagt til frie timar i arbeidsplan.

Vi har ledig:

100 % fast stilling som sjukepleiar i heimetenesta Nordfjordeid frå d.d.
100 % fast stilling i Fossevegen bufellesskap frå 15.06.20. Stillinga er inkludert 20 % frie timar.*
100 % fast stilling i heimetenesta Selje/Stadlandet frå d.d.
100 % fast stilling i heimetenesta Selje/Stadlandet frå d.d. Stillinga er inkludert 20 % frie timar.
*Fossevegen bufellesskap er eit bufellesskap for eldre, med heildøgnsbemanning, som er organisert under heimetenesta Nordfjordeid.

Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår og vi treng deg som har budd ute ei stund og som ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. Vi ønskjer deg med på laget!

Arbeidsoppgåver

Sjukepleiefaglege oppgåver, omsorg og behandling
Kartlegge og vurdere behov
Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer
Rettleie studentar, lærlingar og andre

Kvalifikasjonar

Offentleg godkjend sjukepleiar
Gjerne relevant vidareutdanning og kurs
Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
Aktuelle kandidatar må ha førarkort og kunne disponere bil
Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga

Personlege eigenskapar

Gode kommunikasjonsevner,
Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
Tek initiativ og ansvar
Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre

Vi tilbyr

Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
Høve til fagleg utvikling
Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Det er mogleg å inngå avtale om å arbeide fleire helgar i årsarbeidsplan mot ekstra kompensasjon
Vi ber om at attestar, vitnemål og relevante referansar vert lagt ved søknaden.

Stad kommune har 6 månader prøvetid.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

For meir informasjon om stillingane på Nordfjordeid kan du ta kontakt med einingsleiar heimetenesta Anne Iren Naustdal.

For informasjon om stillingane i Selje/på Stadlandet kan du ta kontakt med assisterande einingsleiar Åshild Bruland.

 

Søknadsfrist: 10.05.2020

 

Arbeidsgivar: Stad kommune
Stad: Nordfjordeid
Tittel: Sjukepleiarar
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4225370096
Stillingar: 4
Arbeidsstad Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid

 

Kontaktinformasjon

Åshild Bruland, assisterande einingsleiar heimetenesta
97 99 04 62
ashild.bruland@stad.kommune.no

Anne Iren Naustdal, einingsleiar heimetenesta
92412748
anne.iren.naustdal@stad.kommune.no

 

Stad kommune har om lag 9 500 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad og Bryggja vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit spanande næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

 

Del stillingen

Selskap

Stad kommune

Lenke til firma

https://stad.kommune.no/

Kontaktinfo

  • Åshild Bruland
  • Tittel: Assisterande einingsleiar heimetenesta
  • E-Post: ashild.bruland@stad.kommune.no
  • Mobil/Tlf: 979 90 462
  • Anne Iren Naustdal
  • Tittel: Einingsleiar heimetenesta
  • E-Post: anne.iren.naustdal@stad.kommune.no
  • Mobil/Tlf: 924 12 748

Lokasjon

  • Nordfjordeid

Søknadsfrist

Mai 10, 2020