Sjukepleierar (søknadsfrist 15.06)

 

 

Sjukepleiarar

 

Vi treng fleire sjukepleiarar og har ledige heile stillingar ved Høyanger sjukeheim og Kyrkjebø sjukeheim.  Vil du bli ein av oss?

Sjukepleiarar ved institusjonar og heimesjukepleien vil få ei særskilt oppgåve med legevakt på ettermiddag kvardagar og dag/ettermiddag helg og høgtid. Du får opplæring og kursing for legevaktoppgåverArbeidsoppgåver er ordinære sjukepleieoppgåver og vil være ein del av legevakpilot på dei aktuelle skifta.

Turnusordning:

Høyanger sjukeheim – arbeidstid: 2-delt turnus med arbeid 3.kvar helg.  
Kyrkjebø sjukeheim – arbeidstid: 3.delt turnus med arbeid 3.kvar helg. 

Søkjarar må ha sjukepleiarutdanning/norsk autorisasjon og førarkort kl B . Føremon med relevant praksis.

Vi ynskjer at du:

  • har evne til å jobbe sjølvstendig og på lag med andre
  • er fleksibel og samarbeidsvillig
  • har godt humør
  • behersker norsk skriftleg og munnleg

Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar. Løn etter gjeldande tariff. Den som vert tilsett må legge fram tilfredstillande politiattest.

Kontaktperson: Institusjonsleiar Høyanger sjukeheim Sonja Myrekrok tlf 992 19 328 
                          Institusjonsleiar Oddny Sørestrand på tlf 992 19 361

 

SØKNADSFRIST: 15.juni.2020

 

Søknad via vårt søknadssenter – merk søknad sak 19/957

 

Del stillingen

Selskap

Høyanger kommune

Lenke til firma

Kontaktinfo

Ingen kontakt lagt til

Lokasjon

  • Høyanger

Søknadsfrist

Juni 15, 2020