Assisterande leiar for pleie og omsorg (søknadsfrist 26.04)

 

 

Vil du trivast i ein liten kommune med oversiktlege forhold? Då er Modalen plassen for deg. Her vil du koma tett på den enkelte innbyggjar og saman med oss kunna nyta det gode livet på landsbygda. Samstundes er ikkje byen langt borte, berre ein time køyring til Bergen. Modalen er ein liten kommune med stor kraft. Dersom dykk er 2 eller fleire som vurderer å flytte til Modalen vil me oppmode om å ta kontakt med vår samarbeidspartnar Uni Micro AS for evt. ledige stillingar. Besøk verksemda på www.unimicro.no

 

Assisterande leiar for pleie og omsorg

 

Kort om stillinga

Vil du vere med i eit leiarteam som jobbar godt saman, og som er oppteken av kvalitet til brukarar og tilsette? Er du ein tilgjengeleg og tydeleg leiar? Er du løysingsorientert og kan tenkje utanfor boksen i ein hektisk kvardag? Har du det vesle ekstra som krevst for å komme i mål?
Modalen kommune skal styrke leiarressursen innanfor eining for pleie og omsorg med 100 % fast stilling som assisterande leiar. 50 % av stillinga vert administrativ medan 50 % vert i turnus.

Om arbeidsstaden

Modalstunet er sjukeheimen vår og ligg idyllisk plassert på Øvre Helland, ca. 15 min. å køyre frå kommunesenteret på Mo og ca. 1 t. frå Knarvik. I tillegg til institusjon leverer me tenester til heimebuande. Det vil vere råd å arbeide frå kontor på kommunehuset somme dagar. Du kan vente deg særs hyggjelege kollegaer og spennande arbeidsdagar med stor spennvidde.
På det jamne har Modalstunet mellom 6 og 10 bebuarar, samt eit aukande tal brukarar som får tenester levert i heimen sin.

Arbeidsoppgåver og ansvar

– Saman med leiar har du ansvar for forsvarlege helse- og omsorgstenester. Herunder internkontroll og kvalitetsutvikling.
– Stedfordtredar og leiarstøtte for leiar for pleie og omsorg, herunder samarbeid om personalleiing.
– Dagleg drift av eininga i samarbeid med leiar
– Bemanningsplanlegging (utarbeiding av turnus) i samarbeid med leiar
– Ansvarleg for organisering og gjennomføring av fagopplæring av tilsette. Dette inneber m.a. fagdagar, internundervisning, hospitering, studentar.
– Kvalitetsarbeid og forbetringsarbeid.
– Andre delegerte oppgåver ved behov.
– Du må pårekne endringar i oppgåver i samband med organisatoriske og strukturelle endringar.
– Sakshandsaming.

50 % av stillinga inngår i turnus med arbeid kvar 3. helg.
– Sjukepleiarfaglege oppgåver i samarbeid med øvrige tilsette for å sikre god drift av pleie- og omsorgseininga.

Kompetansekrav

– Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
– Ynskjeleg med vidareutdanning eller erfaring innan leiing, økonomi/adm, eller tilsvarande.
– Sertifikat kl. B, manuell. Dette for å kunne serve heimebuande.
– Norsk skriftleg og munnleg kommpetanse på nivå min. B2.
– Gyldig politiattest må leggjst fram før ein tek til i stillinga.

Forventningar til vår nye ass. leiar

– Du er løysingsorientert og taklar ein travel kvardag.
– Du er stabil, fagleg nyfiken og utviser omsorg og toleranse.
– Du har god IKT-kompetanse og nyttar denne aktivt i arbeidet ditt som rollemodell for øvrige tilsette.
– Du er kopla på, held fristar og legg til rette for raske og gode prosessar.
– Du må ha gode kommunikative evner. Det inneber evne til å tolke og forstå korleis personell arbeider optimalt saman.
– Du har stor arbeidskapasitet og veit korleis du skal motivere andre til innsats.
– Du er ryddig, strukturert, systematisk og målretta med tydeleg framtoning. Evnar godt å planlegge ditt eige og andre sitt arbeid.
– Du har god sjølvinnsikt og innsikt i korleis best innerette deg for å leie andre.
– Du har fokus på samarbeid.
– Du er sjølvstendig og besluttsam, men innhentar råd og rettleiing ved behov.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Me kan tilby

– Arbeidsvilkår i tråd med tariffavtale
– Løn etter avtale
– Gode og hyggjelege kollegaer
– Varierte og spennande oppgåver
– Moglegheit for betalt vidareutdanning
– Moglegheit for å leige bustad i Modalen dersom du ynskjer å prøvebu her.
– Pensjonsavtale i KLP

Du kan søkje på stillinga slik:

Søknaden sender du elektronisk ved å fylje linken på denne sida. Husk å ha klar cv og kopi av vitnemål og attestar som du laster opp saman med søknaden. Dersom du har vanskar med den elektroniske søknaden kan du få hjelp ved å kontakte Kundetorget på tlf 56 59 90 00.

 

Søknadsfrist 26.04.20

 

Utlyst 09.03.20
Vår ref 35
Merk søknad

Fakta

Selskap Modalen kommune(Ny)
Stilling Leder
Stillingstype Fast turnus
Lokasjon Pleie og omsorgstenesta

 

Kontakter

Margrethe Laastad Kvamme
[email protected]
Mobil +4794507383  Arbeid56599091

Del stillingen

Selskap

Modalen kommune

Kontaktinfo

  • Margrethe Laastad Kvamme
  • Tittel:
  • E-Post: [email protected]
  • Mobil/Tlf: Mobil +47 945 07 383 Arbeid 56 59 90 91

Lokasjon

  • Modalen

Søknadsfrist

April 26, 2020