Sjukepleiar 100% fast i Heimeteneste Nord (søknadsfrist 01.10)

Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar. Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året. Kvinnherad kultuskule vart i 2015 kåra til årets kulturskulekommune.

 

Sjukepleiar 100% fast i Heimeteneste Nord

 

Omtale av stillinga

Heimetenesta er ein spanande arbeidsstad med mange og varierte utfordringar. Me har eit godt og pulserande arbeidsmiljø. Me er gode på internundervisning med fokus på faglig oppdatering. Me søkjer etter sjukepleiar i 100% stilling. Stillinga er i turnus dag/kveld med arbeid kvar 3. helg. Oppmøtestad Rosendal.

Dersom du søkjer på fleire stillingar innanfor sektor for omsorg, helse og sosial, prioriter dette i søknaden/søknadane.

Arbeidsoppgåver

– Ordinære arbeidsoppgåver i Heimetenesta
– Sjukepleiefaglege prosedyrar og observasjonar
– Tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar

– Det vert stilt krav om autorisasjon som sjukepleiar
– Søkjar må ha sertifikat klasse B

Personlege eigenskapar

– Du må vera fleksibel og løysingsorientert
– Ha gode evner til kommunikasjon
– Kunne arbeida sjølvstendig og samarbeida med andre
– Du må ha gode kunnskapar i norsk, både skriftleg og munnleg
– Gode datakunnskaper

Ved tilsetjing vert det lagt vekt på tidlegare arbeidserfaring og personlege eigenskapar.

Me tilbyr

– Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
– Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
– Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd
– Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
– Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar

Søknad vert å senda

Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

 

Søknadsfrist 01.10.20

 

Vår ref3870
Merk søknad

Fakta

Selskap Kvinnherad kommune
Stilling Sykepleier
Stillingstype Fast i turnus
Lokasjon Heimetenester Nord

 

Kontakter

Line Soltveit, Sjukepleiar
[email protected]
Mobil  932 48 996  Arbeid  53 47 59 31

Ellen Korsvold, Einingsleiar
[email protected]
Mobil  957 68 175

Anne Elin Mikkelsen Eik, Avdelingsleiar
[email protected]
Mobil  950 32 626  Arbeid  53 46 12 68

 

Del stillingen

Selskap

Kvinnherad kommune

Kontaktinfo

Ingen kontakt lagt til

Lokasjon

  • Rosendal

Søknadsfrist

Oktober 1, 2020